Jordras i Sogndalsdalen

DEL

Litte etter klokka eitt i dag vart det meldt at det hadde gått eit jordskred ovanfor riksveg 5 i Sogndalsdalen. Raset skal ha gått like i nærleiken av Gunvordal. Raset gjekk ikkje over vegen, og det er ikkje meldt om skade på personar, bilar eller hus. Vegtrafikksentralen er varsla, og politiet er på veg mot staden, melder Vest politidistrikt.

Artikkeltags