Politi og brannvesen rykker ut: Sterk vind på kysten

DEL

Politiet melder like over klokka ni at dei og brannvesen rykker ut til Sjøgata i Måløy. Grunnen er at dei har fått melding om at eit tak står i fare for å blåse av ein bygning i området.

Brannvesenet har no teke ned eit stålbeslag på tre til fire meter som vinden var i ferd med rive med seg. Det skal ikkje vere fare for lause gjenstander i sentrum no.

Klokka 09.50 går politiet ut med ei åtvaring:

Det er sterk vind, spesielt på kysten. Politiet oppfordrar folk om å sikre lause gjenstandar som det er fare for at vinden kan flytte på.

Åtvaringa gjeld heile kysten. I føremiddagstimane torsdag er det i Nordfjord vinden er sterkast.

På riksveg 15 utanfor Måløy hamna eit tre i vegen. Det vart raskt rydda vekk.

Artikkeltags