Fleire innstilte fly frå Førde

Uvêret har råka flytrafikken søndag kveld.

DEL

Måndag ser det ut til at flytrafikken er tilbake til det normale, bort sett frå avgangen for Førde til Oslo 09:10 som har blitt flytta til 10:35.

Ifølge Widerøe sine nettsider er fleire fly frå Førde lufthamn Bringeland innstilt.

Det var sett opp fire avgangar, tre til Oslo og ein til Bergen. Berre flyet til Oslo som gjekk 13.10 søndag ettermiddag har gått som planlagt.

Flya som skulle til Oslo 17.00 og 20.45 er begge innstilte. Det same var flyet som skulle til Bergen 18.55.

Det ser også ut til at uvêret har skapt problem med å lande i Førde søndag, då alle flya som skulle ha komme har blitt omdirigerte.

Eit fly frå Oslo som skulle lande på Bringeland 16:39 vart innstilt, medan 17.40-flyet frå Oslo blei omdirigert til Florø. Flyet som skulle komme frå Bergen til Førde 20.30 vart også innstilt.

Ifølge Widerøe sine nettsider landa flyet frå Oslo klokka 23.25, altså like etter rutetid.

Også i Florø har det vore litt innstillingar. Flyet som skal til Oslo 20.45 er innstilt, og flyet som kjem frå Oslo 20.25 og som skulle vidare til Ørsta/Volda er innstilt.

Uvêret har ikkje råka flytrafikken i Sogndal eller på Sandane.

Artikkeltags