Vogntog velta på Utvikfjellet

UHELL: Dette vogntoget velta utfor fv. 60 på Utvikfjellet onsdag morgon.

UHELL: Dette vogntoget velta utfor fv. 60 på Utvikfjellet onsdag morgon. Foto:

Ein person kom frå ulykka utan skadar, melder politiet.

DEL

Eit vogntog velta på Utvikfjellet onsdag morgon klokka 07.30. Føraren kom seg ut av vogntoget på eiga hand.

Brannvesenet var på plass like over halv åtte, og melde at det var svært glatt der vogntoget har køyrt utfor.

Ifølgje Vegtrafikksentralen er føret på Utvikfjellet vekslande mellom tynn is og bart og vått.

– Vi rykker frå Sandane, og håpar å vere på staden om ikkje så lenge. Bilbergar er bestilt og er også på veg, sa operasjonsleiar Vibeke Næss like etter 08.00.

Trafikkuhellet skjedde ca. fem min frå toppen i retning Byrkjelo.

Like før klokka 09.00 melde politiet at vogntoget blir berga i løpet av dagen eller torsdag. Vogntoget ligg utanfor vegbana og er ikkje til hinder for trafikken.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags