Loen Skylift tente inn heile 2017-budsjettet på under tre månadar

Loen Skylift taper besøkande som følge av vegstenginga på fylkesveg 60 i Utvik.

Loen Skylift taper besøkande som følge av vegstenginga på fylkesveg 60 i Utvik. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

STRYN: Loen Skylift har hatt ein eventyrleg start, og dei har tent inn heile 2017-budsjettet. Men stenginga av vegnettet i Utvik fører til dramatiske konsekvensar.

DEL

– Stenginga av vegen i Utvik får konsekvensar for alt vi driv med, seier dagleg leiar for Loen Skylift, Richard Grov.

Loen Skylift hadde godt over 55.000 besøkande frå opninga 20. mai til utgangen av juli. Dei hadde budsjettert med 18,7 millionar i billettinntekter for heile 2017, men no har dei tent inn dette og vel så det på berre nokre månadar. 

– Økonomisk nådde vi budsjettet i utgangen av juli. Vi hadde budsjettert med at vi måtte ha 42.000 besøkande for at det skulle gå rundt, og vi nådde 55.000 besøkande i førstninga av august, seier Grov.

Les også: – Stappfull restaurant og ventetid for å komme opp

Men stenginga av fylkesveg 60 sør for Utvik sentrum set kjeppar i hjula for Loen Skylift. Både utanlandske turistar, og lokale har tatt turen til Loen for å oppleve høgfjellet Hoven med den nye pendelbana. Dei siste to vekene har Loen Skylift hatt langt færre besøkande enn tidlegare i sommar.

– Dei besøkande som tidlegare har tatt dagsturar sørfrå er vekke på grunn av vegstengingane i Utvik, seier Grov.

Richard Grov ønsker ein midlertidig veg i Utvik.

Richard Grov ønsker ein midlertidig veg i Utvik. Foto:

Dyrt med fleire folk i arbeid

Det har også vore bortfall av utanlandske turistar som ikkje kjenner til andre vegar dei kan ta for å komme seg til Loen. Og Grov opplever at dei som finn vegen kjem mykje seinare, og reiser tidlegare på grunn av dårlegare tilkomst til Loen. Det gjer at Grov må ha ekstra folk i arbeid på Alexandra Hotell for å imøtekomme behova til turistane på ein betre måte.

– Eg må ha folk på overtid, og det kostar oss mykje pengar. Vegstenginga får dramatiske konsekvensar for oss om det drar ut i tid, seier Grov.

Rettar kritikk mot vegeigarar og fylkeskommunen

Det tar tid å komme seg til Loen no når ein må ta lange omvegar, og i tillegg var det søndag kveld også tekniske problem med ekstraferja som er sett inn i sambandet Anda-Lote.

– Det tar lenger tid å komme seg fram no når det er problem med ferja. Det er frykteleg frustrerande for dei reisande, seier Grov, og han legg til at han er redd fleire vel å kansellere turen dei har booka til Loen.

Han synest det er frustrerande å sjå korleis flaumen i Utvik vert handtert.

– Eg rettar kritikk mot vegeigarar og dei som styrer vegpolitikken i fylket.

Grov ønsker no ei midlertidig løysing for å få vegen opna fordi han tapar store summar på vegstenginga. Han meiner at bortfallet av skattar og avgifter som stenginga fører til for kommunen er dyrare enn kva ei midlertidig løysing av ein open veg hadde kosta.

– Dette er ineffektivt i alle ledd, og det er eit ufråvikeleg krav frå vår side at vegen blir opna no. Dei bør også sette inn dirigentar av trafikken og trafikklys, føreslår han.

Opne alternativ veg

– Det får stå for Grov si rekning, seier fylkesdirektør og sjef for samferdsle i fylkeskommunen, Dina Lefdal om Grov sin påstand om at fylkeskommunen ikkje tar ansvar som vegeigar.

Måndag tok fylkeskommunen avgjerda om å få på plass ein alternativ veg over Utvikfjellet. Der vil små køyretøy på opptil 3,5 tonn få passere fire gongar i døgnet, frå onsdag morgon. Men ho trur ikkje at Grov blir nøgd med løysinga.

– Ei slik midlertidig løysing i så stort monn som Grov ønsker vil hindre anleggsarbeidet i området som NVE og Statens vegesen held på med der.

Fylkeskommunen har som fokus å få utbetra skaden, og få oversikt over kva som må gjerast.

– Vi ønsker å få til att vegen så fort som mogleg, men vi ønsker oss at det skal vere ein skikkeleg veg, avsluttar Lefdal.

Artikkeltags