No kan elevar skifte til yrkesfag etter eitt år – utan å gå året om att

Artikkelen er over 1 år gammel

UTDANNING: Kunnskapsdepartementet håpar ordninga vil hindre fråfall i den vidaregåande skulen.

DEL

No kjem ei ny ordning som gjer at elevar kan skifte til yrkesfag etter det første året på vidaregåande, utan å måtte gå førsteåret om att, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Ungdom som vil bytte frå studiespesialiserande til yrkesfag skal sleppe å setje livet på vent. No sørger vi for at det blir enklare å bytte og meiningsfullt å fullføre det første året på studiespesialiserande, seier statsminister Erna Solberg.

Tidlegare risikerte elevane å måtte starte det vidaregåande løpet på nytt. Den nye vegen gjer at elevar som vil bytte til yrkesfag etter eitt år på studiespesialisering kan fullføre vidaregåande opplæring på normert tid, skriv dei.

Gjeld alle yrkesfaga

Ordninga vil gjelde for elevar som har fullført det første året (VG1) på studiespesialisering, og inkluderer alle dei yrkesfaglege programområda i andre året (VG2) på vidaregåande.

Elevane som nyttar seg av den nye ordninga vil bruke 196 timar på det yrkesfaglege pensumet dei ikkje har med seg. Timane blir organisert i eit nytt fag som får namnet «yrkesfagleg opphenting".

– Håpar det vil hindre fråfall

Dei 196 timane svarar til den tida som ordinære elevar på VG2 yrkesfag bruker på fellesfag (norsk, engelsk, kroppsøving og matematikk).

– Eg trur det kan bli ei god og viktig ordning, og som eg håper kan bidra til å forhindre fråfall. Det er veldig bra for dei ungdommane det gjeld at dei kan komme raskare i gang med riktig utdanning. Men det er også veldig bra for bedrifter, offentlege verksemder og for samfunnet. Vi treng fleire fagarbeidarar, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Artikkeltags