Ni av ti har fått skuleplass

NI AV TI: Over 90 prosent av dei som har søkt Vg1 har fåttt tilbod om plass.

NI AV TI: Over 90 prosent av dei som har søkt Vg1 har fåttt tilbod om plass. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

UTDANNING: Og over 80 prosent har fått tilbod om førsteønsket sitt.

DEL

Av dei 77.700 som søkte om skuleplass på Vg1 har ni av ti fått eit tilbod. 11.000 søkjarar står framleis på venteliste, av dei er 5500 ungdommar med rett til plass.

– Vi kan roe ungdom som framleis står på venteliste. Fylkeskommunane sørger kvart år for at alle som har rett på det, får ein skuleplass i løpet av sommaren, seier direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, i ei pressemelding.

Helse- og oppvekstfag aukar mest

Med 20 prosent fleire søkjarar sidan 2014, er helse- og oppvekstfag det utdanningsprogrammet på Vg1 som har hatt størst vekst dei siste åra. Sidan i fjor er det over 1000 fleire søkjarar og over 600 fleire som har fått skuleplass på Vg1.

– Det er veldig fint at så mange ønskjer seg til helse- og oppvekstfag. Eldrebølga gjer at vi treng mange dyktige folk som kan ta vare på våre eldste. Dette er viktige og trygge jobbar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Tala for Sogn og Fjordane syner at 208 har søkt Vg1 helse- og oppvekstfag. Dette er 29 fleire enn i fjor.

OPPMODAR: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ber unge søkje utradisjonelt.

OPPMODAR: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ber unge søkje utradisjonelt. Foto:

På landsbasis opplever teknikk og industriell produksjon størst nedgang i søkjartala med 10 prosent færre søkjarar enn i fjor. Dei siste to åra har søkjartala gått ned med 20 prosent.

Søkjer tradisjonelt

Det er spesielt sterk overvekt av jenter som søkjer og får plass på design og handverk og helse- og oppvekstfag. Gutar dominerer i endå større grad på bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon.

– Eg oppmodar både gutar og jenter til å tenkje litt meir utradisjonelt. Det er ein verdi i seg sjølv at det jobbar folk av begge kjønn i alle yrke. Regjeringa jobbar med fleire forslag for å bidra til dette, seier Røe Isaksen.

Du kan sjå den fullstendige oversikta på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Artikkeltags