Han vil ha fleire lærlingplassar

FLEIRE LÆRLINGAR: Tore Eriksen ønskjer å tilsette åtte fleire lærlingar i Fylkeskommunen.

FLEIRE LÆRLINGAR: Tore Eriksen ønskjer å tilsette åtte fleire lærlingar i Fylkeskommunen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Fylkesrådmann, Tore Eriksen, føreslår å auke talet på lærlingar i fylket frå dagens 14 til 22.

DEL

– Det er kjempebra at Fylkesrådmannen no kjem med denne tilrådinga. No kan fylkeskommunen gå føre med eit godt eksempel. I tillegg driv vi den vidaregåande opplæringa. Å få fleire læreplassar vil vere eit viktig ledd i at yrkesfagelevar skal få fullført utdanninga si, seier Torvanger.

To lærlingar per 1000 innbyggjar

KS, kommunane sin arbeidsgjevarorganisasjon, vedtok på landstinget i april at alle kommunar skal ha to lærlingar per 1000 innbyggjarar. Med 110 000 innbyggjarar i fylket, betyr det at lærlingtalet må aukast. Innan 2018 ønskjer Fylkesrådmannen at ein i Sogn og Fjordane skal auke lærlingtalet til 22, slik at ein kjem innanfor dei nye krava.

Ifølgje leiar av opplæringsutvalet, Karianne Torvanger frå Arbeidarpartiet, bad Fylkestinget rådmannen om å komme med eit forslag om auke i lærlingtalet.

Nesten ingen utfordringar

Ho ser få utfordringar med å auke lærlingtalet så mykje i Fylkeskommunen.

– Den einaste utfordringa må vere at vi ikkje får tak i nok lærlingar. Vi er ei stor bedrift, fordelt over heile fylket, og det er berre positivt at Fylkeskommunen bidrar endå meir. Spesielt det private næringslivet er flinke. Vi har litt å gå på når det gjeld tilsetjing av lærlingar i det offentleg. seier Torvanger.       

Artikkeltags