Fleire fullfører vidaregåande skule

TREDJE BEST: 76,8 prosent av 2012-kullet i Sogn og Fjordane fullførte vidaregåande på under fem år.

TREDJE BEST: 76,8 prosent av 2012-kullet i Sogn og Fjordane fullførte vidaregåande på under fem år. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

UTDANNING: Tre av fire elevar som begynte på vidaregåande i 2012 fullførte på fem år. Det er ny rekord. Men elevane i Nord-Noreg heng etter.

DEL

Delen som gjennomfører har auka med rundt 5 prosentpoeng frå 2006- til 2012-kullet. 74,5 prosent er den høgste delen sidan målingane begynte, og ein auke på 1,5 prosentpoeng frå året før.

– Regjeringa har som mål at ni av ti elevar som begynner på vidaregåande skal fullføre og bestå innan 2030. Desse tala viser at vi er på rett veg, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Alle fylke har auka delen som fullfører og består frå 2006 til 2012-kullet. Sogn og Fjordane har hatt lågast auke, men har likevel tredje høgste del som fullfører. Størst auke av delen som fullfører vidaregåande har det vore i Troms og Finnmark.

– Troms og Finnmark er blant dei fylka som har størst utfordringar, men det er positivt å sjå at delen som fullfører aukar mest nettopp i desse fylka. Dette er veldig bra, men det er viktig at skulane og fylka gjer ein ekstra innsats slik at færre droppar ut. Dette er avgjerande for elevane det gjeld, seier Sanner.

Nordland, Troms og Finnmark ligg lågast blant fylka med ein del som gjennomfører på 66,8, 68,8 og 60,8 prosent. Oslo og Akershus ligg høgast med 78,4 og 79,7 prosent.

Delen som fullfører og består er høgare blant elevar som tar studieførebuande utdanningsprogram (88 prosent) enn blant elevar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram (60 prosent).

Artikkeltags