Fleire studentar vil til Førde

NØGD: – Vi har fleire søkarar enn i fjor og har om lag like stor del av totalen på søkarar til høgare utdanning, sjølv om HVL berre er vel eit år gammal, seier prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik.

NØGD: – Vi har fleire søkarar enn i fjor og har om lag like stor del av totalen på søkarar til høgare utdanning, sjølv om HVL berre er vel eit år gammal, seier prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

UTDANNING: 13 prosent auke i studentar som har Førde som førsteval.

DEL

Det viser tala frå årets hovudopptak, mengder Høgskulen på Vestlandet (HVL) i ei pressemelding torsdag.

Sjukepleiarutdanninga i Førde er blant dei mest populære studia i Førde. Der er det både høge poengkrav og lange ventelister.

Det nye studietilbodet innan informasjonsteknologi har også fått svært mange søkarar, mens nokre av ingeniørfaga har ledige studieplassar, melder Høgskulen.

– For nokre ingeniørstudium utgjer det lokale opptaket tyngda av søkarar. Bygg og anlegg har for eksempel ein god del søkarar gjennom tresemester- eller yrkesvegretning, forklarar prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik.

Ho meiner søkartala viser at HVL hevdar seg bra nasjonalt i konkurransen om søkarane.

– Vi har fleire søkarar enn i fjor og har om lag like stor del av totalen på søkarar til høgare utdanning, sjølv om HVL berre er vel eit år gammal, seier Selvik.

Søkartala til HVL følger elles dei nasjonale trendane: Helse- og sosialfaga blir stadig meir populære. Interessa for barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane er også stor.

Artikkeltags