Mannleg student skal ha blitt valdteken

Studenten var i praksisopphald i eit nordisk land då han skal ha blitt valdteken av ein annan mann. No er saka under etterforsking.

DEL

Politiet etterforskar ei mogleg valdtekt av ein mannleg student i 20- åra.

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Studenten er heimehøyrande på Vestlandet og er student ved ein utdanningsinstitusjon her. Hendinga skal ha skjedd då mannen var i eit praksisopphald i eit anna land i Norden i vinter.

Ifølge mannen blei han dopa ned og valdteken av ein annan mann under ein hyttetur.

– Eg drakk to øl til middagen og fekk ein shot i ein drikkeleik. Etter det hugsar eg ingenting før eg vakna naken på sofaen i stova. Då dreiv han på med meg, seier studenten til NRK.

Politiet i landet der hendinga skal ha skjedd, seier til NRK at dei etterforskar saka og at ein namngitt person er meldt til politiet.

Ambassaden i det aktuelle landet og Utenriksdepartementet er også kjent med saka, ifølge NRK. 

Artikkeltags