Gå til sidens hovedinnhold

10.-klassingane under landssnittet i hovudmål

Artikkelen er over 4 år gammel

UTDANNING: – Skulane bør ta opp til drøfting kva nedgangen i norsk hovudmål dei siste åra skuldast, meiner fylkesmannen.

Onsdag vart dei førebelse skriftlege eksamenskarakterane publisert. I norsk sidemål har 10.klassingane frå fylket høgast snitt i landet, medan det i hovudmål er det ein liten tilbakegang frå i fjor. Det har skubba oss under landssnittet.

Midt på treet

Elevane fekk i snitt 3,6 på sidemålseksamen og 3,2 på hovudmålseksamen. Høvesvis 14 og 22 prosent fekk karakteren 1 eller 2.

Jentene får i snitt høgre karakter enn gutane. Dei fekk i snitt 0,6 karakterpoeng meir i norsk hovudmål og 0,5 karakterpoeng meir i sidemål.

Engelskeksamen er den som skil seg ut på landsbasis. Snittkarakteren for 10. trinn gjekk opp frå 3,5 i fjor til 3,8 i år. Berre 11 prosent av avgangselevane fekk karakteren 1 eller 2.

Resultat 10. trinn:

FagLandetSogn og Fjordane
Engelsk3,73,7
Matematikk3,33,5
Norsk hovudmål3,53,3
Norsk sidemål3,33,6

Best resultat i marknadsføring

Når det gjeld vidaregåande opplæring, er det høgste snittet i marknadsføring og leiing 2 (4,1) og økonomi og leiing (4,1).

For elevar i studieførebuande utdanningsprogram Vg3, var snittet i norsk hovudmål 3,6 og 3,7 i sidemål. For elevar på Vg3 påbygging til generell studiekompetanse Vg3, var snitta høvesvis 3,0 og 2,9.

Fullstendig oversikt finn du på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.

NB: Denne statistikken inneheld ikkje resultat frå klagebehandling. Gjennomsnittskarakterar frå fylke rekna for færre enn ti kandidatar vert ikkje publisert.

Kommentarer til denne saken