Jentene gjer det framleis betre enn gutane på skulen

JENTER: Norske elevar hadde eit karaktersnitt på 41,9 i 2019. Jentene hadde i snitt 4,6 meir enn gutane. Denne forskjellen har vore nokolunde stabil sidan 2015.

JENTER: Norske elevar hadde eit karaktersnitt på 41,9 i 2019. Jentene hadde i snitt 4,6 meir enn gutane. Denne forskjellen har vore nokolunde stabil sidan 2015. Foto:

Av

Norske elevar hadde eit karaktersnitt på 41,9 i 2019. Jentene hadde i snitt 4,6 meir enn gutane. Denne forskjellen har vore nokolunde stabil sidan 2015.

DEL

Gjennomsnittlege grunnskulepoeng for jenter er 44,3, medan det for gutar er 39,7 i 2019, ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå.

Gjennomsnittleg grunnskulepoeng har auka for både jenter og gutar dei siste ti åra, men kjønnsforskjellane har halde seg på same nivå.

Medan gutane har hatt ein auke på 2,1 poeng sidan 2009, har tilsvarande auke for jentene vore 2,8 poeng. Sidan 2015 har jentene i snitt hatt 4,5 poeng meir. Dette har auka frå rundt 4 poeng dei førre fem åra.

Høgast er snitta blant elevane i Oslo med 43,3 grunnskulepoeng i år. Deretter følger Akershus (42,6) og Oppland (42).

I motsett ende av skalaen er fylka Finnmark (40,4), Telemark (40,5) og Østfold (41,2).

Artikkeltags