Rekordmange klagar på manglande eksamen på nynorsk

PINLEG: – At Noregs største universitet (NTNU) utmerker seg som Noregs verste universitet når det gjeld å gje eksamensoppgåver på nynorsk er pinleg, seier Eline Bjørke i ei pressemelding.

PINLEG: – At Noregs største universitet (NTNU) utmerker seg som Noregs verste universitet når det gjeld å gje eksamensoppgåver på nynorsk er pinleg, seier Eline Bjørke i ei pressemelding. Foto:

Norsk Målungdom etterlyser betre tilgang til eksamen på nynorsk.

DEL

I 2018 sende Norsk Målungdom inn 69 klagar til 14 universitet og høgskular på vegner av nynorskstudentar, går det fram i ei pressemelding frå Norsk Målungdom.

– Dei fleste som klagar har ikkje fått oppgåvetekst på nynorsk i det heile. Nokre av studentane klagar på at kvaliteten på språket i oppgåvetekstane er for dårleg. Det er alvorleg og brot på lova, seier skrivar i Norsk Målungdom, Eline Bjørke.

Bjørke hevdar er universiteta sitt ansvar å tilby nynorsk.

 – Vi ser kvart år at mange studentar ikkje får eksamen på nynorsk, trass i at dei er meldt opp som nynorskstudentar hjå lærestaden sin, seier Bjørke.

NTNU er verst. – Pinleg

I 2018 fekk Norsk Målungdom flest klagar som gjaldt Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet.

 – At Noregs største universitet utmerker seg som Noregs verste universitet når det gjeld å gje eksamensoppgåver på nynorsk er pinleg, seier Bjørke.

Ho legg til:

 – Dei har eit spesielt ansvar som føredøme for dei andre lærestadene, og må ha som mål å følge lova. Alle dei ti universiteta i Norge har fått klager retta mot seg.

Oppmodar folk til å klage

Bjørke oppmodar flest mogleg til å klage når dei ikkje får eksamen på rett språk.

– Jo fleire som klagar, jo større press legg vi på universiteta og høgskulane. Dei må få klar beskjed om at studentane ikkje tykkjer det er greitt når dei språklege rettane deira ikkje blir tekne på alvor.

Artikkeltags