Vestlandsbedriftene etterlyser ingeniørar

TRENG INGENIØRAR: 34 prosent av verksemdene på Vestlandet treng nye tilsette med kompetanse innan tekniske fag og ingeniørfag dei neste fem åra. Det kjem fram frå ei undersøking gjort av Nifu.

TRENG INGENIØRAR: 34 prosent av verksemdene på Vestlandet treng nye tilsette med kompetanse innan tekniske fag og ingeniørfag dei neste fem åra. Det kjem fram frå ei undersøking gjort av Nifu. Foto:

Av

Ei ny arbeidsgjevarundersøking viser at bedrifter i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil rekruttere fleire med tekniske utdanningar og ingeniørutdanningar.

DEL

Undersøkinga er gjennomført av Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og viser at 34 prosent av verksemdene på Vestlandet treng nye tilsette med kompetanse innan tekniske fag og ingeniørfag dei neste fem åra.

– Utdanningsinstitusjonane i regionen har ein viktig rekrutteringsjobb å gjere i åra som kjem, skal vi dekke behovet for kvalifisert arbeidskraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Vestlandsfylka melder også om behov for tilsette med lærarutdanning, økonomi og administrative fag og helse- og sosialfag.

Før søknadsfristen til høgare utdanning 15. april rår Nybø vestlandsungdommane til å velje noko dei interesserer seg for, men som det også er behov for i arbeidsmarknaden.

Artikkeltags