Høgskulen får heilt nytt masterstudium

Fossbygget, administrasjonsbygget til Høgskulen i Sogn og Fjordane

Fossbygget, administrasjonsbygget til Høgskulen i Sogn og Fjordane Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Høgskulen satsar 1,5 millionar på å bli best på planlegging for klimaendringar. Har du ein relevant bachelorgrad kan du søke allereie i år.

DEL

– Vi koplar naturvitskap og samfunnsplanlegging retta mot klimaendringar. Det finst ikkje tilsvarande i Norden, seier instituttleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) Tarald Seldal.

Høgskulestyret vedtok i styremøte torsdag å bruke 1,5 millionar av eigne pengar for å sette i gang masterstudiet dei har brukt tre år på å utvikle.

Studiet er no NOKUT-godkjend, og er vurdert av mellom andre Professor Katarina Eckerberg, ved Umeå University og Professor Terje Koren Berntsen, Universitetet i Oslo (og CICERO), som begge har vore med å vurdere liknande studium i Europa.

– Dei strekar under behovet for denne typen ekspertise og arbeidskraft i samfunnet, seier Seldal.

Andre som er sett behovet er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), miljødirektoratet, forskingsinstitusjonar som CICERO og Vestlandsforsking, Fylkesmann og andre myndigheiter.

Tverrfagleg og målretta

Det dei ulike institusjonane etterlyser, og det studentane ved Høgskulen skal få, er forståing av både naturkrefter og samfunn.

Masterstudiet skal først gje studentane god innsikt i korleis klima påverkar både geologiske og økologiske prosessar, før dei skal ta med seg denne kunnskapen og lære om klimapolitikk og planlegging.

Spekteret er breitt. Som student kan ein sjå på alt frå pollinering og matproduksjon til transport og reduksjon av klimagassutslepp.

– Til dømes kan ein sjå på korleis ein tar omsyn til klimaendringar og geofare når ein planlegg arealbruk for transport, bustader og liknande, seier Seldal, og legg til at Sogn og Fjordane er eit perfekt laboratorium:

– Sogn og Fjordane er eit fylke der vi kan studere alt dette på nært hald.

Er du ingeniør, samfunnsvitar, naturvitar, geograf, eller liknande, kan du søke på masterprogrammet som har oppstart allereie til hausten.

– Tilbakemeldingane vi får er at det manglar djup kompetanse, seier Seldal.

No utdannar Høgskulen kandidatar som skal ha dette med seg i ryggsekken, og som kan jobbe frå kommunar til departement, og i ulike typar næringsliv.

Får nye professorar

– Høgskulen er i omstilling, kva tenker du om at de no skal ta sjansen på ei stor investering i eit nytt studium?

– Det er to område vi må bli sterkare p. Det er internasjonalisering og vitskapsproduksjon. Dette studiet gir oss eit digert løft, og vi kan tilsette professorar med internasjonal erfaring, seier Seldal.

Mellom anna har dei nyleg tilsett ein professor som jobbar med klimamodellar. Han skal på dansk TV til helga og blir allereie då omtalt som professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det blir også to nytilsettingar til, med spesialkompetanse på pollinering og snøskred.

– Dette set fylket på kartet, seier Seldal.

Ein annan ting som set fylket på kartet er håpet om å trekke internasjonale studentar.

– Dei kjem med andre perspektiv. Vi trur dei kan fungere godt i lag og lære av kvarandre.

Men Høgskulen set ikkje inn støyten mot dei utanlandske studentane i år. Først må studiet bli garantert statleg finansiering. No er det Høgskulen sjølv som betaler.

– Vi held kontakten med myndigheitene, og dei seier det er interessant.

Mange samarbeid

Ein viktig faktor for godkjenninga av studiet er at Vestlandsforsking skal inn og bidra på den faglege delen. I tillegg er dialogen god med nemnde Fylkesmannen, NVE og CICERO. Det blir også jobba mot Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret.

Næringslivet har også vore flinke til å stille opp, ifølge Seldal. Mellom anna var energiselskapa inne med 300.000 kroner i oppstartsfasen.

Artikkeltags