Avtalen mellom høgskulane er klar

Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sjukepleiehøgskulen i Førde.

Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sjukepleiehøgskulen i Førde. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Høgskulestyra skal 12. mai handsame avtalen om Vestlandshøgskulen.

DEL

Det er ein føresetnad for samanslåinga at den skjer mellom tre likeverdige partar, står det i avtalen. Ingen studiestader skal leggast ned i samband med at Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund blir til Vestlandshøgskulen.

Rektor skal ha hovudarbeidsplass i Bergen, men det skal vere ein prorektor i kvar region som har ansvar for regional utvikling.

Dei største profesjonsutdanningane skal bli tilbydd i alle regionane.

Det skal vere utdanning på masternivå ved alle studiestadane, og det er lagt opp til at master- og doktorgradsutdaningane skal støtte og bygge vidare på profilen og satsingsomåda til høgskulen. Felles utdanningsløp vil få felles leiing på tvers av studiestadane.

Nynorsk språk

Hovudmålforma ved Vestlandshøgskulen blir nynorsk.

– Vi er veldig glade for å ha fått gjennomslag for at ein så stor høgskule blir nynorskhøgskule. Eg trur det er viktig for nynorsken, seier rektor ved HiSF, Rasmus Stokke i ei pressemelding.

Mål om universitet

Vestlandshøgskulen har eit mål om å bli universitet, og i avtalen kan vi lese at «kompetansefellesskapet som fagmiljøa i Vestlandshøgskulen utgjer, vil kunne svare betre på samfunnsutfordringane regionalt, nasjonalt og internasjonalt».

– Dette understrekar det høge ambisjonsnivået til den nye institusjonen, seier Stokke i pressemeldinga.

Med bakgrunn i at den nye høgskulen har fem campus spreidd over eit stort geografisk område, er målet at den skal liggje heilt i front på digitale løysingar. Den nye institusjonen vil gjennomføre ei digital satsing som skal sikre effektiv informasjonsdeling og utvikle eit framtidsretta utdannings- og læringsfellesskap ved hjelp av ny teknologi.

Dersom styra går for samanslåing blir det oppretta eit mellombels styre som får mandat til å jobbe med fagleg profil og organisering.

Artikkeltags