Johanne (35) har ikkje økonomiutdanning – likevel er ho leiar i ein bank

MEDIEUTDANNA: Johanne Viken Sandnes trivst godt i jobben som leiar for marknad og kommunikasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane.

MEDIEUTDANNA: Johanne Viken Sandnes trivst godt i jobben som leiar for marknad og kommunikasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto:

UTDANNING: Johanne Viken Sandnes hadde eigentleg ikkje lyst til å flytte tilbake til Førde. Men då ein spennande jobb dukka opp, ombestemte ho seg.

DEL

– Då eg var ferdig med vidaregåande, var eg veldig usikker på kva eg ville bli, seier Johanne Viken Sandnes.

Johanne er fødd og oppvaksen i Førde, og gjekk allmennfag på Hafstad vidaregåande skule. Etter eit friår i Bergen med jobb, og eitt år på UiB, bestemte ho seg for å flytte til Volda for å studere PR og informasjon. I Volda kjente ho ingen.

– Det var sjølvsagt litt skummelt å reise til ein ukjent plass, der eg ikkje hadde nettverket mitt, men det var litt av poenget. Eg trong å gjere noko heilt for meg sjølv, seier ho.

Åra i Volda vart avgjerande. Godt studentmiljø, høg trivsel og spennande fag gjorde til at dei tre åra på Sunnmøre gjekk veldig fort.

– Volda var riktig for meg, rett og slett, seier Viken Sandnes.

Definerande år

– Studietida ser eg tilbake på som fine og definerande år av livet mitt, seier Viken Sandnes.

Ho fortel vidare at det først var i studietida ho starta å stille ordentlege krav til seg sjølv. Tidlegare hadde ho ikkje vore klar for å ta dei store vala, og ho følgde straumen slik som mange andre gjer i ungdomstida.

Stol på deg sjølv!

– Åra i Volda var eg gjennom ein modningsprosess, som eg har lært mykje av. Frå å stå på eigne bein og skulle byggje nettverk, til å lære å samarbeide med andre og meisle ut framtida slik eg ville den skulle vere.

Å lære at ein må ta tak i eiga læring, har ho i dag tatt med seg inn i arbeidslivet. Kanskje det nettopp er derfor ho har gjort så mykje spennande etter at ho var ferdig med utdanninga si.

MEDIEUTDANNA: Johanne Viken Sandnes trivst godt i jobben som leiar for marknad og kommunikasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane.

MEDIEUTDANNA: Johanne Viken Sandnes trivst godt i jobben som leiar for marknad og kommunikasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto:

Vart vaksen i TV 2

Johanne har gått vegen frå å stå på eigne bein i Volda til spennande år i Bergen. Etter utplassering i TV2 via studiet i Volda, var ho heldig å få tilbod om fast jobb i same firma då ho var ferdig med bachelorgraden sin.

I TV2 jobba ho som kommunikasjonsrådgivar og hadde ei rekke ulike oppgåver. Mellom anna var ho pressekontakt for ulike programkonsept. Dei ti åra i mediehuset er prega av mange gode minne.

– Det var i TV2 eg vart vaksen, seier Viken Sandnes.

Returen til trivselsfylket

Johanne skifta jobb frå TV 2 til Knowit Experience og innhaldsutvikling. Omtrent samtidig dukka ein SMS opp. Den kom på rett tidspunkt for å få ho og familien til å returnere til trivselsfylket.

– Eg hadde aldri tenkt at eg skulle returnere til Førde, seier ho og ler.

Likevel var det slik det vart. Johanne vart oppfordra til å søke på ei stilling i Sparebanken Sogn og Fjordane. Ho og familien har no vore i Førde i rett over eit år. Nyleg fekk ho ny stilling i same banken, der ho i dag er leiar for marknads- og kommunikasjonsavdelinga.

– Eg er takksam for sjansane eg har fått her og trivst godt saman med kjekke og dyktige kollegaer. Eg føler meg heldig.

Viken Sandnes fortel også om dei gode minna ho har frå bankhuset.

– Pappa, som nyleg er pensjonert, har jobba i banken sidan eg var lita. Eg kan hugse at eg sprang rundt i gangane.

Kanskje det var meininga at det var her ho skulle ende opp.

PR, kommunikasjon og media

Opptakskrav: Generell studiekompetanse.

Lengde: 3 år, bachelorgrad (Høgskulen i Volda).

Karrieremoglegheiter: Kommunikasjonsfagleg arbeid i offentleg forvaltning, frivillige organisasjonar og private verksemder. Ein kan arbeide som mellom anna PR- og kommunikasjonsrådgivar, innhaldsprodusent eller som ansvarleg for sosiale medium.

Artikkeltags