Høgskulen får utdanne bygg- og anleggsingeniørar

Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Arkivfoto: Arne Stubhaug)

Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Arkivfoto: Arne Stubhaug) Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Torsdag vedtok styret ved høgskulen i Sogn og Fjordane å opprette ei ny bachelorgrad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

DEL

– Dette er svært gledeleg, og vil fylle eit stort behov, seier entreprenør Leif Arne Aasen, som har sete i prosjektgruppa for det nye studiet i ei pressemelding frå høgskulen.

Ingeniørutdanninga har vore etterspurd av nærignslivet, og fleire aktørar er inne som sponsorar bak dei to første åra avutdanninga.

Studiet vil bli utlyst til våren, og i første runde vil det vere plass til 25 studentar årleg. Det vil bli ein føresetnad for oppstart hausten 2016 at det melder seg tilstrekkeleg med søkarar, skriv høgskulen i pressemeldinga.

Tett samarbeid med Bergen

Ingeniørstudiet i bygg- og anleggsfag er eit resultat av sterkt lokalt og regionalt engasjement, og er forankra i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane og i Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) sitt Råd for samarbeid med arbeidslivet. Høgskulen i Bergen (HiB) er ein viktig samarbeidspartnar for å realisera studiet.

Ei breitt samansett arbeidsgruppe frå næringslivet og det offentlege har saman med ei intern prosjektgruppe ved Avdeling for ingeniør- og naturfag ved HiSF jobba målretta med utviklinga gjennom eit forprosjekt. Noverande Fylkesordførar Jenny Følling har vore leiar for arbeidsgruppa:

-Dette er ein stor dag. I denne saka har alle gode krefter jobba saman og løfta i flokk. Vi har stor bygg og annleggsnæring i fylket med stort behov for ingeniørkompetanse. Å utdanne ungdommar i fylke vil sikre rekruttering og god kompetanse. Takk til alle som har bidrege til at studie kan startast opp!

Tek i bruk e-læring

Studieplanen for bachelorgraden har vore utforma i samarbeid med HIB, og emneansvaret er delt mellom institusjonane. Undervisning frå HiB vil kunne gjerast gjennom strøyming med tovegskommunikasjon og tett oppfølging av studentane, i tillegg til utvikling av meir tilrettelagt e-læring. HiB har gode erfaringar med slik undervisning frå andre prosjekt.

– Dette er ei gladsak der Høgskulen i Sogn og Fjordane får mulegheit til å samarbeide tett med bransje og næringsliv om eit svært viktig å ha ei slikt utdanningsløp for fylket. Samarbeidet med Høgskulen i Bergen er unikt og deira kompetanse og tyngde er essensielt for oss. Vi er svært takknemleg for å kunne jobbe på lag med alle desse aktørane, seier dekan ved Avdeling for Ingeniør og Naturfag Stein Joar Hegland i pressemeldinga.

Artikkeltags