Færre søkarar, men fleire vil studere deltid

SJUKEPLEIARSTUDIET: Vi ønskjer betre kjønnsbalanse og håper at fleire menn vil søke på sjukepleiarstudiet i framtida, seier prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik.

SJUKEPLEIARSTUDIET: Vi ønskjer betre kjønnsbalanse og håper at fleire menn vil søke på sjukepleiarstudiet i framtida, seier prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik. Foto:

Opptakstala for høgare utdanning er klare. Det er totalt færre søkarar, men fleire vil ta masterutdanning og studere ved sidan av jobben i Førde.

DEL

– Det å kombinere jobb og utdanning blir stadig meir populært, fortel prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet Bjørg Kristin Selvik i ei pressemelding.

Tala for 2019 viser at fleire vil ta masterutdanning og studere deltid i Førde. Totalt sett er det derimot færre søkarar enn fjoråret, det er også tilfelle på landsbasis.

Populære masterstudium

I Førde er deltidsstudiet organisasjon og leiing med spesialisering innan helse og velferd populært, med 103 søkarar.

– Det kan skuldast at mastergraden treff eit behov som har oppstått med omstillingane i kommunar og fylke, seier Selvik.

Sjukepleie på deltid

Avdelinga i Førde tilbyr 15 bachelor- og masterstudium, der ingeniør- og maritime fag, helse- og sosialfag er størst.

Sjukepleiarstudiet i Førde har i mange år vore ettertrakta. Det er det framleis. Dette gjeld særleg deltidsstudiet, der det var 122 søkarar til 25 plassar.

– Det er stort behov for folk som er utdanna innan helsefag. Det er derfor gledeleg at desse studia er populære, seier Selvik.

Ingeniørfaga har færre søkarar

Avdelinga i Førde tilbyr fire bachelorstudium innan ingeniørfag. Desse er byggingeniør, elkraftteknikk, IT og automatisering med robotikk.

Desse studia har færre søkarar enn fjoråret og det er framleis ledige plassar. Sjølv om dette er tilfellet, satsar Høgskulen på Vestlandet framleis på ingeniørutdanninga i Førde.

– Vi er opptekne av å utvikle ingeniørutdanningane våre i fylket og slik svare på behovet for arbeidskraft i regionen, seier Selvik.

Færre søkarar enn fjoråret

Totalt sett har Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde færre søkarar enn fjoråret.

Ifølge høgskulen skuldast det ein nedgang i søkarar til ingeniørfaga og sjukepleiarlinja på heiltid.

Er du blant dei som ønskjer å studere, men står utan studieplass til hausten, meiner Selvik du ikkje treng fortvile:

– Det er framleis mogleg å studere i Førde. Ein kan søke på ledige studieplassar på Samordna opptak, fortel ho.

Artikkeltags