Skjermbruk blant unge held fram med å auke

MEIR BAK SKJERMEN: Omtrent 30 prosent av ungdomsskuleelevane har brukt to kveldar den siste veka med venner. Det er ein nedgang på 10 prosentpoeng sidan 2011.

MEIR BAK SKJERMEN: Omtrent 30 prosent av ungdomsskuleelevane har brukt to kveldar den siste veka med venner. Det er ein nedgang på 10 prosentpoeng sidan 2011. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FORBRUKAR: Ungdommen brukar mindre tid med kvarandre og meir tid framfor ulike skjermar. Over halvparten brukar skjerm meir enn tre timar dagleg – utanom skuletida.

DEL

Sidan forskarane i 2015 begynte å undersøkje kor mykje fritid unge brukar framfor skjermen, har dei registrert ein markant auke, skriv Klassekampen.

På tre år har delen jenter i ungdomsskulen med «høg skjermbruk» auka med nesten 10 prosentpoeng til 55 prosent. Desse brukar skjerm over tre timar kvar dag utanom skuletid. For gutane er veksten på nesten 7 prosentpoeng til 60 prosent, viser Ungdataundersøkinga i år.

For elevar i vidaregåande skule har veksten i skjermbruken vore mindre, men delen som brukar mykje tid framfor skjermen, er større enn på ungdomsskulen. 64,4 prosent av gutane og 58,8 prosent av jentene brukar meir enn tre timar av dagleg fritid på skjermbruk.

Omtrent ein tredel på både ungdomsskulen og i vidaregåande skule brukar meir enn fire timar framfor ein skjerm utanom skuletida.

– Det er få andre område i undersøkinga der vi ser så tydeleg auke, seier Anders Bakken, forskingsleiar ved Nova og ein av forskarane bak undersøkinga.

Han seier det er sosiale medium som driv veksten, mens dataspelbruken ser ut til å ha stagnert.

Samtidig blir det mindre tid til møte i den verkelege verda. Omtrent 30 prosent av ungdomsskuleelevane har brukt to kveldar den siste veka med venner. Det er ein nedgang på 10 prosentpoeng sidan 2011.

Årets Ungdataundersøking baserer seg på svar frå 249.000 respondentar i ungdomsskulen og vidaregåande skule mellom 2016 og 2018.

Artikkeltags