Skaparen av SKAM skal lage ny serie. Elias, Hilde og Henrik prøvde seg på audition

PRØVDE SEG: Elias Slåtten (16) frå Jølster, Hilde Gulliksen (16) frå Leirgulen og Henrik Holmøy (16) frå Rugsund er elevar på idrettslinja på Firda VGS. Førre veke prøvde dei seg på audition til  nye serie.– Det var skikkelig kjekt! Heile gjengen kosa seg og det var ikkje noko skummelt slik eg trudde, seier Gulliksen.

PRØVDE SEG: Elias Slåtten (16) frå Jølster, Hilde Gulliksen (16) frå Leirgulen og Henrik Holmøy (16) frå Rugsund er elevar på idrettslinja på Firda VGS. Førre veke prøvde dei seg på audition til nye serie.– Det var skikkelig kjekt! Heile gjengen kosa seg og det var ikkje noko skummelt slik eg trudde, seier Gulliksen. Foto:

UNG: Dei drog på audition til ein ny serie dei ikkje visste noko om.

DEL

– Eg har aldri vore på audition før. Eg er eigentleg ikkje så interessert i skodespel og teater, men det verkar veldig spennande og så er det ei ny oppleving, seier Elias Slåtten, elev på Firda vidaregåande skule.

Rubicon TV heldt for andre gong audition i Sogn og Fjordane for å finne ungdommar mellom 15 og 20 til ein ny nettserie til NRK P3.

Det einaste dei kan seie om serien så langt er at det handlar om ei jente som byrjar på vidaregåande skule og skal flytte heimanfrå for å bu på hybel.

Visste ikkje kva dei gjekk til

Auditionen var på Firda vidaregåande skule på Sandane førre fredag. Elias Slåtten, Hilde Gulliksen og Henrik Holmøy høyrde om den via sosiale medium. Dei spøka litt med å melde seg på, før dei til slutt gjorde det.

– Eg har heller aldri vore med på noko slikt før, men eg trur det er ein fin erfaring å få sidan det er noko heilt nytt, seier Henrik Holmøy.

Hilde gruar seg ganske mykje, Henrik grugler seg, mens Elias er mest spent på kva som skal skje, sidan dette er heilt nytt for han.

– Korleis trur de det går?

– Det er veldig vanskeleg å seie. Det går nok ikkje så bra, men innsatsen er det viktigaste, meiner Elias.

– Eg trur Henrik har ein svært god sjanse, men resten av oss er vel der berre for han, så med oss går det nok ikkje så bra, seier Hilde.

Henrik har tru på heile gjengen. 

– Det handlar om improvisasjon så vi har ikkje førebudd noko, men det er kanskje like greitt for eg veit ikkje heilt kva vi skulle førebudd i så fall.

Kjekt med så mange ulike folk

I denne runden er det rundt 80–90 ungdommar som er med, og ein del har allereie vore med på audition i haust.

Kor mange som går vidare frå audition er heilt umogleg å seie på førehand, til slutt skal dei stå att med nokre få hovudroller og mange biroller.

Dette fortel Siri Helene Müller, som har hovudansvar for casting denne gongen.

– Det er mykje arbeid og mange førebuingar som skal til. Vi må formidle og dele invitasjonen i sosiale medium, lage plakatar, følge opp folk som melder interesse og organisere tidspunkt slik at alle får prøve seg, filme alt saman og briefe deltakarane. I tillegg er det mykje arbeid i etterkant med å gå gjennom opptak og gi feedback, og så endå fleire rundar med casting, før vi til slutt står att med dei som skal ha roller.

CASTINGANSVARLEG: – Eg er skodespelar sjølv, og eg veit at det kan vere veldig kjipt å få avslag på ein audition, men då er det viktig å hugse på at ein audition er noko veldig spesielt, sidan dei ser etter folk til ein bestemt rolle. Du må ikkje ta eit avslag personleg, for det betyr jo ikkje at du er ein skodespelar om du ikkje passar til akkurat den rolla. Fortsett sjølv om du ikkje går vidare, og ikkje ta det så høgtideleg. Stå på, viss du liker å drive med det!

CASTINGANSVARLEG: – Eg er skodespelar sjølv, og eg veit at det kan vere veldig kjipt å få avslag på ein audition, men då er det viktig å hugse på at ein audition er noko veldig spesielt, sidan dei ser etter folk til ein bestemt rolle. Du må ikkje ta eit avslag personleg, for det betyr jo ikkje at du er ein skodespelar om du ikkje passar til akkurat den rolla. Fortsett sjølv om du ikkje går vidare, og ikkje ta det så høgtideleg. Stå på, viss du liker å drive med det! Foto:

Fekk testa grensene sine

Stella Birthe Poland (16) frå Hornindal var også svært spent på sin audition.

Foto:

– Eg veit ikkje heilt kvifor eg ville vere med. Eg fekk ei melding frå ei eg kjenner i castinga som lurte på om eg kunne tenke meg å vere med på opptak, så eg tenkte at eg kunne prøve meg, sjølv om eg sikkert ikkje har ein sjanse.

Ho visste heller ikkje kva ho skal forvente seg på førehand.

– Det einaste vi har fått beskjed om, er at det er improvisasjon det dreier seg om. Det gjer det litt ekstra spennande og uvant sidan eg ikkje kan førebu noko på førehand. Eg var med på nokre musikalar i Nederland då eg budde der, men skodespel er nok ikkje den sterkaste sida mi.

Etterpå kan 16-åringen likevel fortelje at det var kjekt, vanskeleg og utfordrande.

– Det tok mykje lengre tid enn forventa, men de var kjekt. Eg fekk verkeleg teste mine eigne grenser og eg fann ut at eg ikkje er flink til å improvisere i det heile, haha.

Artikkeltags