Andrea frå Måløy vidare i Stjernekamp

Andrea Santiago.

Andrea Santiago. Foto:

Laurdag var det MGP-sjangeren som var tema.

DEL

FIRDAPOSTEN: Andrea Santiago framførte den svenske MGP-vinnaren Loreen si vinnarlåt «Euphoria» i gårsdagens program, og det gjorde ho til mykje skryt frå dommarane. Mona B. Riise meinte Santiago har ei imponerande kraft i stemma, og gjestedommar Hanne Krogh kalla Santiago «modig».

– Det skal bli spennande å følge deg vidare, sa ho.

I VG fekk Santiago ein firar på teringen, og anmeldaren meinte ho ikkje greidde å løfta låten heilt, trass i at ho «syng denne songen som om ho meiner kvart ord». Også frå Dagbladet fekk ho ein firar, medan frå VG-lesarane vanka det ein femmar på terningen.

Det er dei tre med færrast stemmer som står i fare for å ryke ut, og Santiago var ikkje mellom desse – Kari Gjærum var den som måtte reise heim denne laurdagen. Dermed er Santiago direkte vidare til neste runde kommande laurdag.

Artikkeltags