Frå august kan du sjå favorittseriane dine òg i utlandet

Av
DEL

Endringar i åndsverklova som tek til å gjelda frå 1. august gjer det mogleg for norske forbrukarar å sjå favorittseriane sine, òg når dei er i utlandet.

– Dette er ei gladnyheit for alle som har lyst til å følgje strøymetenester når ein er ute og reiser, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).

EUs portabilitetsforordning tok til å gjelda i april 2018 og gjeld no i alle medlemsstatane til EU. Forordninga gir reglar som skal sikre at abonnentar av portable nettbaserte innhaldstenester òg får tilgang til desse tenestene uavhengig av kor i EØS dei er.

(©NPK)

Artikkeltags