Idol kjem til Loen. Skal ha audition på toppen av Loen Skylift

PROGRAMLEIAR: Katarina Flatland er programleder for Idol 2020. I oktober/november i haust blir det opptak og audition på Hoven i Loen.

PROGRAMLEIAR: Katarina Flatland er programleder for Idol 2020. I oktober/november i haust blir det opptak og audition på Hoven i Loen. Foto:

I løpet av hausten blir det Idol-audition på fjellet Hoven, som ligg på toppen av Loen Skylift.

DEL

– Denne sesongen har vi lyst til å reise meir rundt i landet, og også komme oss ut forbi dei store byane, seier PR – og medierådgivar Håvard Solem i ei pressemelding.

TV2 er i gang med ei ny runde med Idol, som skal sendast våren 2020. Det blir den 11. sesongen av talentshowet.

Fleire mindre stader

Det blir første gong Idol har audition i Sogn og Fjordane.

– Vi har bestemt at det denne gongen blir auditions på fleire mindre stader. Loen er ein av stadane vi har valt ut, seier Solem.

Auditionen skal vere i oktober/november, men endeleg dato for innspelinga er ikkje sett enno.

– Det blir ein audition i spektakulære omgjevnader, slår Solem fast.

Etterlyser talent frå fylket

– Vi veit at Sogn og Fjordane har mange gode stemmer, og tidlegare er namn som Tone Damli, Eva Weel Skram, Jørn Trollebø Kvalheim og Vegard Leite blitt kjende gjennom konkurransen. Vi håpar at fleire unge talent frå fylket melder seg på, seier Solem.

Påmeldinga er allereie i gang, men det er framleis moglegheiter. Dei som ønskjer å melde seg på kan finne søknadsskjemaet på TV2 sine sider.

Artikkeltags