30 norske Tv-tekstarar går til streik

Av

30 omsetjarar som tekstar Tv-program, meiner dei får for dårleg betalt. No nektar dei å ta nye oppdrag for byrået Broadcast Text International.

DEL

Program som kan bli ramma av streiken, går på kanalar som TVNorge, Vox og Fem. Broadcast Text International (BTI) har ein stor rammeavtale med Discovery Noreg og leverer teksting til nesten alle programma på Tv-kanalane deira.

– I 2005 kunne ein kanskje overleve ved å tekste 45 tv-minutt dagleg. No må ein gjere dobbelt så mykje, seier Helge Vik, styreleiar for Norsk Audiovisuell Oversetterforening (Navio), til Klassekampen.

Han meiner tidspresset går ut over kvaliteten på omsetjingane og legg ansvaret på byråa.

Navio har lege i honorarforhandlingar dei siste åra med fleire byrå. Ifølgje foreininga har bransjen generelt liten betalingsvilje, og BTI blir beskrive som ein av verstingane.

– Dei har vore så lite imøtekommande at 30 tekstarar denne veka har gitt dei beskjed om at dei ikkje kjem til å ta fleire oppdrag frå dei før honorara blir auka, seier Vik. Han legg til at det så langt ikkje har komme nokon reaksjonar frå byrået.

Klassekampen har vore i kontakt med BTIs administrerande direktør Lennart Löf som sit på Stockholm-kontoret til byrået. Han ønskte ikkje å kommentere saka.

Artikkeltags