Fem til sjukehus etter trafikkulykke på Vassenden

Foto:

DEL

Klokka 09.22 meldte Vest politidistrikt om ei front mot front-ulykke på Vassenden i Jølster. Ulykka har skjedd på E39 like ved avkøyrsla til Hjelmbrekkefeltet, nokre hundre meter vest for Jølstraholmen senter. Det er 70-sone på ulykkesstaden.

Ulykka skjedde då den eine bilen kom over i motsett køyrefelt. Vitne kan kontakte politiet på tlf 02800, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Det var to bilar involvert i ulykka, ein personbil og ein varebil. Det var fem personar i dei to bilane, og alle fem er sende til Førde sentralsjukehus med ambulanse og luftambulanse. Alle dei fem var tidleg ute av bilane og vart først tekne hand om av helsepersonell på staden. Skadeomfanget er søndag føremiddag ukjent.

Dei involverte er to gutar på ti og tolv år, ei kvinne i 40-åra og to menn i 50-åra. To personar køyrde i varebilen, medan tre køyrde i personbilen. Begge dei to gutane sat på i personbilen, opplyser politiet.

Det er ikkje mistanke om at førarane var påverka av rus.

Like før klokka halv elleve vart vegen opna for trafikk, og ambulanse og politi er reist frå staden.

Brannvesenet jobba med å reinse og sikre vegen etter lekkasje frå køyretøya. Begge bilane fekk betydelege materielle skader og måtte fjernast av bilbergar.

Det vil verte sett opp skilt for å varsle om oljesøl og glatt vegbane, opplyser politiet klokka ti på elleve søndag.

Artikkeltags