Skiløpar døydde etter å ha falle ned skrent

OMKOM: Ein person mista livet i Hurrungane førre veke. Arkivfoto

OMKOM: Ein person mista livet i Hurrungane førre veke. Arkivfoto

Onsdag måtte naudetatane berge ein skiløpar som fall ned ein 500 meter høg skrent i Hurrungane. No stadfestar politiet at skiløparen døydde etter ulykka.

DEL

Det er NRK som først melder om utfallet av ulykka.

Ein mann vart henta med redningshelikopter etter å ha falle ned ein skrent på 500 meter i Hurrungane i Jotunheimen onsdag.

Mannen var i live då han blei henta av ambulanse, men døydde av skadane.

– Vi har vore i dialog med sjukehuset, og kan stadfeste det, seier politioverbetjent Anne Gro Veland i Vest politidistrikt til NRK.

Politiet kjem til å avhøyre vitne og samle inn informasjon.

Mannen som er omkommen var på tur åleine då ulykka skjedde, men eit anna reisefølgje melde frå til politiet.

Han blei flogen med helikopter til Haukeland sjukehus.

Politiet mistenkjer ikkje at det har skjedd noko straffbart.

Artikkeltags