Innrømmer aktløyse etter ulykka

AKTLØYSE: Føraren av bilen innrømmer aktløyse ved sikring av bilen ved parkering.

AKTLØYSE: Føraren av bilen innrømmer aktløyse ved sikring av bilen ved parkering. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

ULYKKE: Kvinna som vart sikta etter ulykka i Bygstad for to år sidan, har erkjent aktløyse ved parkering.

DEL

Dette skriv Bergens Tidende onsdag.

17. november 2015 omkom NRK-fotograf Heidi Lise Bakke i ei ulykke på jobb for NRK Sogn og Fjordane. Ho var på veg ut av bilen då den begynte å trille.

Ulykka vart etterforska, og det vart tatt ut sikting mot kvinna som var førar av bilen. Siktinga handla om aktløyse etter § 3 i vegtrafikklova, som seier at «Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.»

– Ikkje ryggeulykke

Kvinna erkjente ikkje straffskuld etter den første siktinga, men etter nyttår har politiet endra innhaldet i siktinga etter same paragraf.

– Ho har erkjent straffskuld for den nye siktinga, seier politiadvokat Merete Sundal til BT.

Ho går ikkje i detalj, men siktinga handlar framleis om aktløyse, og meir konkret om aktløyse ved sikring av bilen ved parkering.

– Vi meiner at bilen ikkje hadde motoren i gang, så det er ikkje snakk om noka tradisjonell ryggeulykke, seier Sundal.

Vil bli ferdig

– Det er no semje mellom politi og forsvarar om at det ikkje var ei ryggeulykke, noko som er litt viktig for oss å få fram. Bilen stod parkert, nøkkelen var tatt ut av tenninga, og min klient hadde nøkkelen i lomma. Begge var på veg ut av bilen då den begynte å trille og det tragiske hende, seier forsvarsadvokat Ivar Blikra til BT.

Han seier at ulykka er og har vore ei stor belastning for kvinna:

– Ho har etter beste evne forsøkt å leve vidare, men samtidig tenker ho kvar dag på dei pårørande, og på tapet av ein god kollega og ei god venninne, seier Blikra, som legg til at no ønsker å bli ferdig og let det vere opp til retten å seie kva som er rett straff.

Ifølge politiadvokaten vil ein ta sikte på at saka blir avgjort med tilståingsdom, når ho no skal opp i Fjordane tingrett.

Artikkeltags