Politiet frigjev namnet på sakna etter båtulykke

Det vart sett i gang ein stor leiteaksjon etter at ein mann fall frå ein båt i Dalsfjorden torsdag. Fredag vart namnet på den sakna mannen frigjeve av politiet.

Det vart sett i gang ein stor leiteaksjon etter at ein mann fall frå ein båt i Dalsfjorden torsdag. Fredag vart namnet på den sakna mannen frigjeve av politiet. Foto:

Frigjev namnet i samråd med dei pårørande.

DEL

Det var den 46 år gamle Bjørn Ove Steig frå Leikanger i Sogn som er sakna etter båtulykka i Dale.

Politiet frigjev fredag namnet på sakna i samråd med dei pårørande.

Steig vart meldt sakna torsdag 18. juli etter at han fall over bord frå ein fritidsbåt kring klokka 12 torsdag.

Redningsleiinga avslutta redningsaksjonen seint torsdag kveld og politiet reknar med at den sakna er omkomen.

– Det er no snakk om søk etter antatt omkommen. Vi er no komne så langt at det ikkje er sannsynleg å finne han i live, sa operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt, Per Algrøy til Firda etter at leiteaksjonen var avslutta.

Artikkeltags