– Det var dramatisk

Bussulukke Dombås. Foto: Kristian Nilssen

Bussulukke Dombås. Foto: Kristian Nilssen

Artikkelen er over 3 år gammel

Kristian Nilssen var på bussen som bles av vegen i natt

DEL

I natt bles ein buss av vegen ved Fokstua på E6  på Dovrefjell. Kristian Nilssen var ein av dei 13 passasjerane som var om bord i bussen.

– Det var dramatisk, og alt gjekk så fort. Plutseleg var bussen av vegen, seier Nilssen (32).

Gjekk heldigvis bra

Nilssen var på veg frå juleferie i Trondheim og heim til Harastølen i Sogn då bussen, som er frå Firda Billag, bles av vegen.

 – Eg vart ikkje spesielt redd. Det første vi gjorde var å rope for å spør om nokon var skadde, og det var det ikkje. Heldigvis gjekk det bra denne gongen, fortel Nilssen.

Han og dei andre passasjerane venta om lag ein halvtime i bussen før hjelpemannskap var på plass for å ta hand om passasjerar og sjåfør.

Då Firda snakkar med 32-åringen har han komme seg på ein ny buss etter eit opphald i Dombås.

 – No er eg snart i Sogndal. Det gjekk greitt å sette seg på bussen igjen, eg er ikkje engsteleg.

Blåst som eit lauv

Sjåføren av bussen Lasse Tenden fortel at han ikkje hadde sjanse til å halde bussen på vegen når vinden tok tak i bussen:

- Når vi kom opp mot Fokstua er det sett opp lysmaster som koplar inn om det blir ein viss mengde sekundmeter i kasta. Eg sette ned farten då det kom ein personbil mot oss og låg lengre mot venstre i vegen for å ha litt klaring då ei voldsom vindkule trefte og feia meg av vegen som eit lauv.

Bussen velta over på høgresida. Tenden skrudde på lyset i bussen og sjekka at alle hadde det bra.

- Det verka som dei fleste hadde det fint. Folk som brukte bilbelte hang i taket så dei måtte vi få ned, men det var veldig roleg og ingen teikn til panikk blant passasjerane.

Passasjerane vart frakta ned til Dombås med politibilar og andre personbilar og måtte overnatte der. Vindmålarane som skulle varsle om sterke vindkast på fjellet fungerte ikkje

- Det er ikkje første gongen heller, fortel Tenden.

- Trenden er stort sett at dei ikkje fungerer. Eg styrer ikkje dette, men desse målarane burde fungere. Det bør også settast opp autovern på dei 200-300 metera ved Fokstua. Hadde det vore autovern ville ikkje dette skjedd og bussen ville blåst inn i autovernet og blitt ståande.

Tenden seier han er veldig glad for at alt gjekk fint.

- Når det først gjekk gale er det bra det gjekk så bra som dette og eg er glad på alle passasjerane sine vegne og. Dei materielle skadane er berre bagatellar oppi alt dette.

Artikkeltags