12-åring sykla inn i bil

Sendt til legevakta.

DEL

Ein gut på 12 år skal ha sykla inn i ein bil i Grotlevegen i Bremanger. Politiet fekk melding om hendinga klokka 19.34.

Naudetatane har rykt til staden og guten er send til lokal legevakt for sjekk, skriv Vest politidistrikt.

– Det er ingenting som tyder på at han er skada i det heile, men når det er snakk om ein 12-åring, er det greitt å få sjekka, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Han kjenner ikkje omstendene for ulykka i detalj, utover at det var guten som sykla inn i bilen.

Artikkeltags