Paraglider har krasja ved Loen Skylift

DEL

Politiet melder rundt klokka 23.30 at ein paraglider har krasja i området ved Loen Skylift.

Naudetatar, redningshelikopter og alpin redningsgruppe er på veg til staden.

Det er like før midnatt ikkje kjent kva tilstanden til personen som har styrta er.

For eitt døgn sidan omkom ein basehoppar i Oppstryn, som også ligg i Stryn kommune.

Ti minutt over midnatt melder politiet at redningsmannskap er framme hos paraglidaren som har styrta. Han er bevisst, og det er ifølge politiet mest truleg snakk om brotskadar. Den skadde vert gjort klar for helikoptertransport til sjukehus.
 

Artikkeltags