Seglbåt brann ned og sokk, to andre båtar og brygga er også brannskadde

    Ein seglbåt vart totalskadd i brann i Florø. Sjå video av sløkkingsarbeidet ovanfor.

    DEL

    Ein seglbåt byrja å brenne søndag ettermiddag i Håvågen i Florø. Brannen vart varsla av politiet klokka 15.36.

    – Vi fekk melding om at ein seglbåt stod i full fyr, og at det brannen hadde spreidd seg til bygga. Det skal også vere skade på ein annan båt, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda.

    Magnussen fortel at dei ikkje har opplysningar om at det var personar i båten.

    Klokka 15.48 opplyste 110-sentralen at dei jobba med å få kontroll på brannen.

    – Vi har nettopp fått beskjed om at brannvesenet har fått slått ned litt av flammane, så ein kan byrje å nærme seg båten, seier vaktleiar Frode Eide ved 110-sentralen i Florø.

    Han stadfestar at det har spreidd seg til brygga og ein nærliggande båt.

    – Båten som brann var overtent, og det er truleg ein del skade på den andre båten også, seier Eide.

    Klokka 16.41 opplyser 110-sentralen at brannen er sløkt.

    – Seglbåten har sokke. Akterenden som stod i brann er under vatn. Det er berre baugen som står på grunna som stikk opp, seier Eide.

    Han opplyser at seglbåten er totalskadd.

    – Det er også ein del skader på brygga, og truleg på to nærliggjande båtar. Vi har ikkje opplysningar som seier at det har vore folk om bord, seier Eide.

    No skal brannvesenet ut med sin båt for å legge ut oljelenser, i fall det er forureining på staden.

    – Det er for tidleg å seie noko om kva som starta brannen, seier Eide.

    Har du tips? Kontakt Firda her.

    Brann i seglbåt i Håvågen i Florø. Brannvesen var raskt på staden.

    Brann i seglbåt i Håvågen i Florø. Brannvesen var raskt på staden. Foto:

    Brannen spreidde seg til brygga og ein nærliggjande båt.

    Brannen spreidde seg til brygga og ein nærliggjande båt. Foto:

    Ein seglbåt er overtent i Florø.

    Ein seglbåt er overtent i Florø. Foto:

    Artikkeltags