Fall i døden ved Domba – er sendt til obduksjon

Ein mann i 60-åra er død etter ei fallulykke på øya Hovden nordvest for Florø.

DEL

Onsdag 18.09.19 ca kl. 1458 fekk politiet melding om ei fallulykke ved Domba på øya Hovden nordvest for Florø. Det var meldt om ein person involvert. Meldinga til politiet kom via AMK-sentralen.

De tre naudetatene pluss Hovedredningssentralen vart varsla med ein gong. Det vart sett i gong redningsaksjon, og redningshelikopter frå Florø vart sendt mot staden. Det samme vart ambulansebåten.

Erklært død på staden

Ca kl. 1525 var lege på staden. Det vart starta livreddande tiltak, men mannen i 60-åra vart etter ei stund erklært død av lege.

Politiet melde klokka 16.40 at dei har akkurat kome til øya og har starta undersøkingar.

Årsaka til ulykken er fortsatt ukjend, men hendinga vil bli etterforska av politiet. Per no er det ifølge politiet ikkje noko som tyder på at det har hendt noko kriminelt i forbindelse med ulykka.

Sendt til obduksjon

Stasjonssjef Wenke Hope ved Florø polititasjon fortel at den omkomne mannen no er sendt til obduksjon. Politiet har difor ikkje meir å melde om ulykka før rapporten er klar, anna enn at dei ikkje har grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt.

Politiet gjorde seg ferdige med undersøkingar på ulykkesstaden onsdag. Hope skildrar terrenget der mannen omkom som fjellterreng, men stasjonssjefen fortel at dei ikkje kan sette terrengtypen i samanheng med ulykka.

Mannen i 60-åra sine pårørande er varsla. Hope ønskjer ikkje å kommentere om mannen er lokal.



Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags