Båt har gått på land i Brandsøysundet. Mann i 50-åra i båten

KINN MARIA: Alle naudetatar rykte ut etter grunnstøytinga her ved Kinn Marina.

KINN MARIA: Alle naudetatar rykte ut etter grunnstøytinga her ved Kinn Marina. Foto:

DEL

Politiet fekk klokka 16.01 melding om at ein båt har gått på land ved Kinn Marina i Brandsøysundet i Florø.

– Det var ein person i båten. Personen er på land, og vi har fått opplysningar om at ha blør frå hovudet, melder Vest politidistrikt.

Personen blir behandla av ambulansepersonell på staden. Politiet opplyser at det var ein mann i 50-åra var åleinei båten.

– Legen på ambulansen har dimittert båtføraren. Det skal ikkje vere behov for vidare legehjelp, melder politiet.

Ukjent årsak

Båten skal vere sikra, og det er så langt uklart kor stor skade det er på den 25 fot store båten.

Det skal vere det som blir skildra som mindre dieselsøl i samband med grunnstøytinga.

Kva er grunnen til at båten har gått på land kan politiet så langt ikkje seie noko om.

Det er ikkje mistanke om rus.

Ein kranbil er i ettermiddag sendt til staen for å bistå med berginga av båten, opplyser politiet.


Artikkeltags