Førdemann omkom i MC-ulykke i Fjaler

Trafikkulykke ved Nistadlia i Fjaler. Fv. 57. To mc-førarar til sjukehus.

Trafikkulykke ved Nistadlia i Fjaler. Fv. 57. To mc-førarar til sjukehus. Foto:

Den eine av dei to som vart skadd i MC-ulykka i ved Nistadlia i Fjaler tysdag kveld døydde på Haukeland universitetssjukehus natt til onsdag.

DEL

Politiet opplyser at 19 år gamle Adrian Grimsbø Djupvik omkom etter ei MC-ulykke på fylkesveg 57 mellom Dale og Førde tysdag kveld.

Han blei sendt med legehelikopter direkte til Haukeland sjukehus etter ulykka, men livet stod ikkje til å redde.

Politiet blei informert om dødsfallet i løpet av natta, men då var ikkje dei pårørande eller dei involverte, kameratar som var i følge med den omkomne då ulykka skjedde, informerte. Politiet bad derfor om at media ikkje gjekk ut med dødsfallet før dei kom med nye opplysningar.

Fire lokale ungdommar

– Vi kan så langt ikkje seie noko konkret om årsaka til ulykka. Vi veit at det var fire kameratar som køyrde saman i eit følge. Dei hadde kvar sin motorsykkel. To av dei var involverte i ulykka, og den eine av dei omkom som følge av skadane han fekk i ulykka, seier politioverbetjent Åge Løseth i Fjaler.

Dei fire er heimehøyrande i Gaular, Førde og Naustdal. Dei var på veg frå Dale mot Førde då ulykka skjedde tysdag kveld.

Skal avhøyre vitne

– Den andre som vart skadd er innlagt på Førde sentralsjukehus. Han er alvorleg, men ikkje kritisk skadd. Vi vil avhøyre han så snart det let seg gjere, seier Løseth.

Han legg til at dei to andre ungdommane, som køyrde i følge med dei to som var involverte i ulykka, vert sett på som viktige vitne, og vil bli avhøyrde i løpet av dagen.

Krimteknikar og ulykkesgruppa til Statens vegvesen har vore på staden og gjort undersøkingar. I tillegg har lokale politipatruljar vore på staden. MC-ane som var involverte i ulykka er henta av bergingsbil og vil bli undersøkte.

Artikkeltags