Mayday-signal frå fritidsbåt i Florø

Har gått på grunn.

DEL

Hovedredningssentralen i Sør Norge melder søndag at dei har motteke eit naudsignal frå ein fritidsbåt i Florø.

Båten har gått på grunn, og redningsskøyte, kystvakt og offshore-fartøy assisterer i ein redningsaksjon.

Redningsleiar Andreas Bull fortel til Firda like over klokka 13.30 at situasjonen no er under kontroll. Båten gjekk på land ved Risøyskjæret.

– Det har roa seg ned no. Båten er no under slep inn til Fjord Base i Florø, og det har gått vel med dei om bord, seier Bull, som fortel at det var to personar i båten.

Han fortel at båten har litt lekkasjar, men at det går fint å slepe den inn til kai.

Kystvaktfartøyet Tor, ei redningsskøyte og ein MOB-båt (hurtiggåande redningsbåt) bistod i aksjonen.

Artikkeltags