Fleire sauer drepne den siste veka. No får bøndene felle ulven

DREPEN AV ULV: Fleire sauer har den siste veka blitt offer for ulv.. No er det gitt skadefellingsløyve.

DREPEN AV ULV: Fleire sauer har den siste veka blitt offer for ulv.. No er det gitt skadefellingsløyve. Foto:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt skadefellingsløyve på éin ulv i Høyanger, Hyllestad og Fjaler.

DEL

– I den siste veka har det vore eit par sauer som vi er rimeleg sikre på at har blitt drepne av ulv, seier Rein Arne Golf, som er rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn (SNO).

Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtalte saka.

Sauene Golf refererer til har vore i områda Høyanger, Hyllestad og Fjaler. Per no er det snakk om to drepne sauer, men Golf skal undersøke ein sau og eit lam i morgon som er skadde, etter det dei trur er eit angrep av ulv.

– Der skal vi saman med eigar ta stilling til om dei må avlivast, seier Golf.

Lov å drepe éin ulv

På grunn av dette har fylkesmannen no gitt bøndene lov å felle ulven.

– Når ein ulv skadar dyr, så kan fylkesmannen gi eit såkalla skadefellingsløyve, seier Golf.

I første omgang er løyvet på éin ulv.

Golf fortel at siste angrep på sau i fylket var i mai då sauene vart slepne ute på beite.

– Eg hadde trudd at det skulle vere fleire angrep i sommar.


Artikkeltags