Ulv skal ha tatt lam i Guddal

Slik fann bonden i Guddal lammet.

Slik fann bonden i Guddal lammet.

FJALER: – Alt tyder på at lammet er drepe av ulv.

DEL

Det seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn (SNO) onsdag ettermiddag.

Tysdag vart eit daudt lam funne i Guddal i Fjaler – nærare bestemt på austsida av Guddal. Onsdag var rovdyrkontakt frå SNO ute og undersøkte lammet, og alt tyder på at lammet er drepe av ulv, opplyser Golf.  Han har ikkje sett lammet sjølv, men seier at opplysningane han har fått frå rovdyrkontakten tyder på at lammet er drepe av ulv.

Ulven er truleg den same som førre veke herja i Naustdal. Der vart ni lam funne døde i området rundt Hydalen.

Golf oppfordrar folk mellom Nordfjord og Sognefjorden til å undersøke beiteområda sine.

– Om det framleis er ulv i Sogn og Fjordane vil den truleg vere i dette området. Folk bør derfor reise ut å sjå til sauene. Finn dei nokon som kan vere drepne av ulv, må dei ta kontakt med oss.

Det var ein bonde i Guddal som fann lammet tysdag, og som melde frå til SNO. Ifølge bonden var det varmt i området då lammet var funne, og det er grunn til å tru at lammet har vore daudt i rundt eitt døgn.

Artikkeltags