Kvige mista heile halen og fekk biteskader i lår – truleg ulveåtak

Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn ønsker ikkje å stadfeste at ein ulv står bak, men seier dei har vanskar med å sjå andre årsakar.

DEL

Torsdag i førre veke vart ei kvige funnen gåande åleine, utan flokken sin. Den hadde fått halen avbiten ved rota, og hadde bitemerker i låret og leggen.

Kviga vart funnen i Vassdalen i Fjaler, og vart nødslakta på grunn av skadene.

Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn seier dei har sett på kviga og undersøkt saka.

– Det er første gangen i Sogn og Fjordane at eit storfe er angripe. Vi kan ikkje utelukke at det er ulv. Vi vurderer dette no i lag med naturoppsynsfolk andre stadar i landet som har meir erfaring enn det vi har, seier Golf.

Hundre prosent sikre blir dei ikkje, sidan det ikkje er DNA-spor i saka. I staden vil dei komme til ein konklusjon ut frå kor sannsynleg det er at ulv står bak.

Golf seier dei reknar med å ha ein konklusjon i saka i løpet av veka.

Artikkeltags