Utforkøyring i Sogndalsdalen – bilførar er vekke

Foto:

– Vi forsøker å få tak i bileigar, ettersom personen stakk av, seier operasjonsleiar i politiet.

DEL

Politiet fekk melding klokka 14.20 om ein bil som hadde køyrt av vegen i Sogndalsdalen. Då brannvesenet kom fram til ulykkesstaden var bilføraren vekk.

– Vi forsøker å få tak i bileigar, ettersom personen stakk av, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord, som legger til at det ikkje var nokon personar i eller ved bilen då brannvesenet var på staden.

Bilen skal ikkje ha store materielle skader.

– Frontruta er like heil, og airbagen blei ikkje løyst ut då bilen køyrde av vegen, seier Rebnord.

Rebnord seier at det ikkje er forventa at bileigaren har pådratt seg skader.

Politiet vil halde fram med å leite etter bileigaren.

Artikkeltags