Syklist og bilist kolliderte i Sogndal

Artikkelen er over 1 år gammel

SOGNDAL: Naudetatane rykte ut.

DEL

– Ein syklist av utanlandsk opphav og ein bilist har støytt saman i Stedjevegen i Sogndal. Syklisten er medviten, og bortsett frå ein liten skade i eine foten er det ikkje meldt om personskade, seier Arve Samsonsen som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Syklisten vart først undersøkt av helsepersonell på ulukkesstaden, og seinare teken med til lokal legevakt som konkluderte med at det ikkje var snakk om personskade.

– Politiet har avhøyrt vitne og dei som var involverte i ulukka, og konkluderer med at det ikkje er grunnlag for å opprett sak på hendinga, fortel Terje Magnussen; også han operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt.

Artikkeltags