Frode Grodås skal kjempe i Mesternes Mester

KLAR FOR SKJERMEN: Eks-proffspelar Frode Grodås har vore keepertrenar for landslaget sidan 2010. No blir han også realitystjerne.

KLAR FOR SKJERMEN: Eks-proffspelar Frode Grodås har vore keepertrenar for landslaget sidan 2010. No blir han også realitystjerne. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HORNINDAL/HELLAS: – Det har nok vore større klovnar med i Mesternes Mester. Det håpar eg i alle fall, seier keeperlegende Frode Grodås.

DEL

– Eg har blitt spurt om å vere med på ein del ting gjennom åra, og det har ofte passa dårleg. Men no passa det.

Det seier eks-fotballproff Frode Grodås frå Hornindal. Han kan skilte med ei lang karriere som utanlandsproff, og har stått i mål under Norge–Brasil i 1998 og for Chelsea då dei vann FA-cupen i 1997.

Frå laurdag og framover får du sjå han i ei relativt ny setting. Han og ni andre eksidrettsstjerner skal kjempe om tittelen som Mesternes Mester i realityserien med same namn på NRK1.

Fekk venner for livet

Grodås seier at innspelingsperioden trefte bra. Den var nemleg midt i mellom to landskampar i september. Som keepertrenar for landslaget fekk han klarsignal til å pakke sakene og reise til Peloponnes-halvøya i Hellas, der årets sesong går føre seg. Han kan naturleg nok ikkje røpe korleis det gjekk, men han legg ikkje skjul på at det var kjekt.

– Det var fantastisk. Ein treffer folk som ein har veldig mykje til felles med. Det er ikkje noko garanti for at ein trivst med alle, men dette var ein verkeleg super gjeng som gav av seg sjølve. Eg har fått nye venner for livet, seier han.

I Mesternes Mester kjempar deltakarane i ulike konkurransar kvar veke. Den som kjem dårlegast ut, må velje ein annan deltakar til ein duell. Taparen av duellen ryk ut.

Tok sjansen på at forma var god nok

La du deg i hardtrening før du gav deg ut på dette?

Nei, eg tok eigentleg sjansen på at forma skulle halde. Men eg prøvde å ta nokre av øvingane som har gått igjen. Ein er alltid litt bekymra for at det dukkar opp ting ein ikkje har gjort på lenge. Men det må ein berre rekne med, seier han.

Er du underhaldande?

Neei, eg veit ikkje. Ein prøvar jo å bidra når ein er med på eit slikt konsept. Men det har nok vore større klovnar med i Mesternes Mester. Det håpar eg i alle fall, seier han og ler.

Førdianar med på etterarbeidet

Ikkje berre blir nordfjordingen Grodås å sjå i serien. Førdianar Ivar Nesheim (35) har vore med på etterarbeidet til innspelingane. Han held til i Oslo og jobbar i selskapet Filmreaktor, som er involvert i klipping og etterarbeid i årets sesong av Mesternes Mester.

HELTEN: Ivar Nesheim såg sitt snitt til å ta eit bilde med barndomsidolet Frode Grodås.

HELTEN: Ivar Nesheim såg sitt snitt til å ta eit bilde med barndomsidolet Frode Grodås. Foto:

Nesheim var ikkje i Hellas der serien blei spelt inn, men på premierefesten fekk han komme tett på deltakarane.

– Eg er over 30, så eg hugsar Norge – Brasil-kampen og Drillo-gutane godt. Eg og kompisgjengen min er relativt fotballinteresserte, og har ei eiga fotballgruppe på Facebook. På premierefesten tenkte eg berre: no må eg ha ein selfie med Grodås. Då han høyrde at eg også var frå Sogn og Fjordane, blei han sjølvsagt med, seier Nesheim og ler.

Dette er årets deltakarar på Mesternes Mester:

  • Frode Grodås – fotballspelar
  • Eldar Rønning – skiløpar
  • Anita Moen – skiløpar
  • Else-Marthe Sørlie Lybekk – handballspelar
  • Bartosz Piasecki – fektar
  • Anders Jacobsen – skihoppar
  • Ine Barlie – brytar
  • Tonje Sørlie – kickboksar
  • Helene Olafsen – snowboardkøyrar
  • Odd Sørli – alpinist

Artikkeltags