Får 700.000 i gebyr for utslepp i verdsarvfjordar

I vår blei det innført nye og strengare utsleppskrav i Geirangerfjorden.

I vår blei det innført nye og strengare utsleppskrav i Geirangerfjorden. Foto:

Eit gresk reiarlag må grave djupt i lommeboka.

DEL

Et gresk reiarlag har fått varsel om 700.000 i gebyr fordi dei hadde for høge svovelutslepp i norske fjordar.

Skipet MS «Magellan», som er eigd av det greske reiarlaget Global Cruise Lines Ltd, braut ifølge Sjøfartsdirektoratet regelverket om svovelhaldig drivstoff i verdsarvfjordane nå i vår.

Frå 1. mars blei det innført nye miljøkrav for utslepp til luft og sjø i verdsarvfjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden. Nå har Sjøfartsdirektoratet sendt ut sitt første varsel om lovbrotsgebyr som følge av de nye reglene.

16. april tok imot Sjøfartsdirektoratet ei bekymringsmelding om røykutslepp frå det Bahamas-registrerte cruiseskipet «Magellan», som låg til kai i Flåm. Bekymringsmeldinga blei følgt opp med tilsyn om bord då skipet kom til Geiranger neste dag. Sjøfartsdirektoratets inspektørar målte svovelinnhaldet i skipets drivstoff og fekk utslag på 0,17 prosent. Grensa for lovleg svovelinnhald i verdsarvfjordane er 0,10 prosent.

– Vår dokumentasjon viser at skipet har gått inn i to verdsarvfjordar med svovelverdiar som ligg langt over lovleg nivå, seier Bjørn Pedersen, avdelingsdirektør for regelverk og internasjonalt arbeid.

Artikkeltags