19-åring i trøbbel i fjellet

Artikkelen er over 4 år gammel

Helikopter og Røde Kors leitar etter kvinne som har gått seg vill i fjellet.

DEL

Klokka 15.12 opplyste politiet at kvinna som hadde gått seg vill i fjellet var funnen i god behald. Ho blei frakta ned til Kvame av redningshelikopter.

Den tsjekkisk kvinna på 19 år hadde gått seg skårfast ein stad melllom Flatsteinbu og Kvame i Oldedalen i Stryn kommune.

Både SeaKing-redningshelikoter og Røde Kors rykte ut for å hjelpe kvinna.

Visste ikkje kvar ho var

– Ho veit ikkje sjølv kor ho er, sa operasjonsleiar Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 14.48.

Hope fortalde då at redningshelikopter har byrja å søke etter kvinna i fjellområdet mellom Oldedalen og Flatesteinbu.

Politi og leitemannskap visste ikkje kvar kvinna var, men hadde fått informasjon om at ho var trygg så lenge ho stod i ro.

Kvinna gjekk i utgangspunktet saman med to andre, men kom vekk frå resten av turfølget to timar før leiteaksjonen starta. Ho hadde ikkje med seg GPS, men har fortalt at ho kan sjå ned i ei bygd som politiet meiner kan vere Kvame. Ho kjem seg verken opp eller ned frå staden der ho står. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Artikkeltags