Desse dukkar snart opp overalt

MØTEPLASS: Bygget har utandørs sittetrapper og sittebenkar, som kan tilpassast vindretninga på staden.

MØTEPLASS: Bygget har utandørs sittetrapper og sittebenkar, som kan tilpassast vindretninga på staden. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TUR: I løpet av to år kan du søke ly i dagsturhytter i alle kommunane i fylket.

DEL

– Dette er ei hytte med mange gode løysingar både ute og inne, og vi trur det blir ei spennande hytte å besøke både for store og små. Det er fleire overbygde sitteplassar rundt hytta, og hytta skal fungere som ein sosial møteplass i naturen, seier Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Arkitektkonkurransen er over. Det kom inn 21 forslag og det var Rojo arkitekter frå Trondheim som vann. Dei får ansvaret for å teikne hyttene som skal plasserast ut i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Dagsturhyttene skal vere ein stad å gå inn, byte klede, ete nista, og få varmen i seg. Plasseringane varierer frå høgfjell til fjord, og planen er at dei første hyttene skal stå ferdige neste år.

I løpet av to år skal det vere ei slik dagsturhytte i alle kommunane. Sparebankstiftinga har gått inn med 5,2 millionar kroner for å få hyttene realiserte, og alle kommunar har sagt at dei vil vere med å bygge éi hytte. Jølster, Førde og Solund har bestemt seg for å bygge to.

 – Fylkeskommunen er i gang med å skape opplevingsløyper på veg til hyttene, med kreative kunstinstallasjonar og skilting av stadnamn og kulturminne. Vi arbeider også med å utvikle ein app, som kan motivere turgåarar. Visjonen vår er fysisk aktivitet for alle, og vi håpar at denne hytta kan auke interessa for nær-friluftslivet blant folk i alle aldrar, seier Skrede.

Førebels oversikt over hyttetomter

Sjølv om alle kommunane har sagt at dei vil bygge hytte, er det ikkje alle som har bestemt seg for plassering. Ifølge Skrede ville enkelte kommunar vente med plassering, mellom anna fordi dei først ville sjå korleis hytta blir utforma.

– No er det klart, så no er det berre å bestemme seg, seier Skrede.

  • Nyksvatnet i Askvoll (2018)
  • Gulleplet i Balestrand (2017)
  • Veten i Bremanger (2018)
  • Bygdaheia I Fjaler (2018)
  • Hatlesetnipa i Flora (2017)
  • Utsikten i Gloppen (2017)
  • Soleiebotn i Gulen (2017)
  • Siplo i Høyanger (2018)
  • Eggjahaugane i Leikanger (2017)
  • Ytre Eikum i Luster(2017)
  • Risnakken i Selje (2018)
  • Loftesnesfjellet i Sogndal (2017)
  • Pollatinden i Solund (2018)
  • Kjeretoppane i Vågsøy (2018)
LY: Inne er det lesekrok og god plass til framheving av bøker. Hytta skal innehalde eit nynorsk fjellbibliotek med bøker til bruk på staden.

LY: Inne er det lesekrok og god plass til framheving av bøker. Hytta skal innehalde eit nynorsk fjellbibliotek med bøker til bruk på staden.

Artikkeltags