– Det gjekk bratt ned, der venta paradis

Bratte, forrivne fjellskrentar stuper som veggar heilt frå himmelen og ned til havet, der dei går over i runde grashaugar, former så mjuke og glatte som berre tusen års sauegnag kan gjere det.

Bratte, forrivne fjellskrentar stuper som veggar heilt frå himmelen og ned til havet, der dei går over i runde grashaugar, former så mjuke og glatte som berre tusen års sauegnag kan gjere det. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Har du høyrt om kor fint det er i Vetvika, men enno ikkje tatt turen? Les Ole Johannes Øvretveit si levande turskildring frå 2014.

DEL

Han tok i bruk både namnet på Styggemannen og staden der han bur, kameraten som skulle beskrive kor bratt det er å ta seg ned til Vetvika i Bremanger.

Men då han kom til korleis det var der nede, høyrdest det ut som han hadde hamna ein heilt annan stad. Ein tyr fort til dei sterkaste orda ein kjem på, når turen til Vetvika skal skildrast.

– Dei seier det skal ta tre og ein halv time, sa eg til kameraten min då vi la i veg frå Svarstad laurdag føremiddag. Sekkane tyngde oss godt, men slik blir det når ein skal ha med telt, sovepose, liggeunderlag, kokeutstyr og alt som høyrer til ein festkveld.

Naturopplevingane melder seg alt frå første stund: Den nydeleg haldne, gamle vegen som slynger seg langs elva innover dalen, dei veldige steinmurane som ligg der og ber vitnemål om tidlegare tiders blodslit, det veldige raset som har gått tvers over vegen, det beint fram orknøyske preget i landskapet.

Dei første 428 høgdemetrane går med mellom 10 og 20 prosent stigning på grusvegen opp til ein fjernsynssendar, så tek ein av og følger ein merkt sti.

Turen over fjellplatået går på flat, fast lynghei, for kvart himmelsyn opnar nye utsikter seg, mot Måløy sentrum, mot Kråkeneset, og i det fjerne skimtar vi Stadlandet. Merka står med 50 til 70 meters avstand, heilt sikkert kjekt når havskodda legg seg tjukk som ertesuppe over lyngheiane. Nærare skildring av turen finn du på ut.no.

Om utsikta undervegs er flott, er det ingen ting mot det som møter ein plutseleg og brutalt, idet ein kjem fram på kanten av stupet ned mot Vetvika: Som ei sydlandsk lagune opnar det seg ei smaragdgrøn vik der sjøen ligg blikstille. Vi tek ein fem minutts pause og syg inn kor stort det er, kor stille det er, kor vakkert det er.

Vi stoppar og tek bilde, men så blir eg ståande å sjå ned på dette paradiset, og brått går det opp for meg: Om mindre enn ein time skal eg faktisk stå midt i det! Og dermed får eg det travelt. Og det kan eg seie deg: Ei 500 høgdemeters bratt nedstiging med 15 kilo på ryggen, skal du ta sakte og roleg, med små skritt, med mindre du vil vakne med leggar så støle at du kjenner kvart pulsslag banke vondt i muskulaturen. Tru meg, for det veit eg.

Det er bratt, men aldri farleg. Du kan, kor som helst, heile vegen ned, dette, utan at du dett utfor noko. så ned kjem vi, med fotsolar som gløder raudt inni dei varme, tunge fjellstøvlane, og kjensla av å tusle berrføtt langs Vetviksanden, i ein shetlandsk katedral av stille, majestetisk natur, den kjem eg til å hugse lenge.

Eg talde seks levande eksistensar så lenge vi var der: Eg, kameraten og hunden, eit tjeld-par og ein einsleg måse.

Eg talde seks levande eksistensar så lenge vi var der: Eg, kameraten og hunden, eit tjeld-par og ein einsleg måse. Foto:

Bratte, forrivne fjellskrentar stuper som veggar heilt frå himmelen og ned til havet, der dei går over i runde grashaugar, former så mjuke og glatte som berre tusen års sauegnag kan gjere det. Og så flatar det ut i ei lysande kvit strand der det (denne dagen) herskar ein beint fram himmelsk fred. Det er heilt stille, og så, brått, slår dønningen heilt synkront langs heile stranda. Det smell så hunden kjem pilande med halen mellom beina. Og så er det heilt stille igjen.

I 1951 flytte dei tre familiane i Vetvika sin veg. Det vart nok for tungvint. Og vel er det vakkert her ein stille sommarkveld, men med fri utsikt heilt til Shetland slår nok dønningane tungt her ein dag med storm frå vest.

På innmarka sør på stranda ligg ein gammal kyrkjegard. Vi tuslar inn på bøen, der annakvar vekst ser ut til å vere ein blome i full blomst. Vi vassar inn i blomehavet, og oppdagar at den andre halvparten er brennesler. Vi tek på oss skoa. I steinane ligg det rekved. Vi plukkar med oss.

Eg talde seks levande eksistensar så lenge vi var der: Eg, kameraten og hunden, eit tjeld-par og ein einsleg måse.

Og så? Timar og atter timar, der sola sig sakte i sjøen. Primusen susar, pølsene fresar i panna. Det blir sagt nokre ord no og då, men dette er eigentleg for stort til å forstyrrast med prat.

Vi sit for det meste og ser, lyttar, syg inn paradiset rundt oss. Lyset skiftar sakte frå lysegult til oransje, til rosa, til raudt. Fager kveldssol smiler, over heimen ned. Jord og himmel kviler, stilt i heilag fred.

Og så kryp vi inn i teltet, og for første gong på mange, mange år søv eg til eg vaknar av at eg er svolten. Ti timar tok det.

Så får det heller vere, at eg vaknar med leggar så stive som stål etter nedfarten dagen før, og at heimturen om Ura vart tung. Det tyngste var at eg ikkje fekk vere der ein heil dag, frå morgon til kveld. Eg trur såpass må til, før du har sett deg mett på Vetvika. Kanskje meir og.

Artikkeltags