Dødsulykke i Lærdalstunnelen

Ein person vart søndag kveld bekrefta omkommen i Lærdalstunnelen

Ein person vart søndag kveld bekrefta omkommen i Lærdalstunnelen Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

LÆRDAL: Ein person omkom søndag kveld då ein personbil og ein buss kolliderte i Lærdalstunnelen.

DEL

Ein person er bekrefta omkommen etter ein massekollisjon i Lærdalstunnelen søndag kveld.

Dei første meldingane sa at det berre var eit køyretøy involvert, men klokka 18.22 viste det seg at ein buss og tre bilar var involvert i ulykka og at ein person sat fastklemd.

– Vi fekk beskjed om at det berre var eitt køyretøy involvert av dei som melde inn, sa operasjonsleiar Per Rimmen i politiet.

– De får vidare oppdatering når det roar seg der inne.

Naudetatane jobba då med å tømme tunnelen for køyretøy som ikkje var involvert.

Ein av personbilane skal ha kollidert med ein møtande buss og dei to andre bilane kolliderte då dei skulle bremse.

Politiet stadfesta klokka 19.28 at føraren av personbilen som kolliderte med bussen var omkommen.

Både Lærdalstunnelen og Gudvangatunnelen er stengd i forbindelse med ulykka. I sistnemnde kan vestgåande trafikk framleis køyre, medan austgåande trafikk er stoppa.

Vegvesenet melder at dei forventa å vere ferdig med oppryddinga i Lærdalstunnelen klokka 22.00.

Artikkeltags