Havarikommisjonen med skarp kritikk mot Skatestraumtunnelen

BRANN: Ein tankbil med rundt 16.000 liter bensin køyrde i ein fjellvegg i Skatestraumtunnelen i Bremanger og eksploderte.

BRANN: Ein tankbil med rundt 16.000 liter bensin køyrde i ein fjellvegg i Skatestraumtunnelen i Bremanger og eksploderte. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Har avdekka svakheiter i tunnelen si evne til å takle brann.

DEL

I fjor sommar tok det fyr i Skatestraumtunnelen i Bremanger, etter at ein tanktilhengar losna frå ein bil og begynte å lekke bensin. Havarikommisjonen er no ferdig å undersøke hendinga, og har komme fram til at tunnelen har ei dårleg evne til å motstå spreiing av brann.

– Det sterke fallet i tunnelen bidrog til at brannen spreia seg over seg over ei lang strekke, og dreneringssystemet var ikkje dimensjonert for å ta opp lekkasjen frå tanken, står det i rapporten.

Tilhengaren losna frå ein tankbil, og køyrde så rett inn i tunnelveggen. Då blei det slått hol i ein av tankane, og til saman 16.500 liter bensin rann 500 meter nedover tunnelen. Bensinen blei mest truleg tent av varme/gneiste frå motoren til ein campingbil som stoppa tett ved.

Den undersjøiske tunnelen har ifølge rapporten eit fall på 10 prosent. All bensinen blei etter kvart antent, og brannen spreidde seg frå botnen av tunnelen og opp til det austre utløpet, som er ei strekning på rundt 900 meter. 

Havarikommisjonen skriv at tunneleigaren sine risikoanalysar ikkje inneheld nokon tiltak for å handtere eit slikt scenario. Dei anbefaler difor at det blir innført restriksjonar ved transport av farleg gods etter ei vurdering av forholda i kvar enkelt tunnel.

– Sogn og Fjordane fylkeskommune har etter brannen ikkje iverksett tiltak eller vurdert å sette i verk kompenserande tiltak for å redusere konsekvensen dersom tilsvarane hendingar skjer, skriv dei i rapporten.

Artikkeltags